Kildinsamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka i Murmansk oblast i Russland. Tidlegare vart det snakka over heile Kolahalvøya, men på grunn av sentraliseringspolitikken på 60-talet blir det no snakka nesten berre i Lovozero. Det er det største av dei samiske språka som blir snakka i Russland, og det einaste av dei som har eit skriftspråk. Namnet kjem av Кильдин (Kildin), ei øy på nordkysten av Kolahalvøya. Kildinsamane kallar seg са̄ммьленч (saaḿḿlentš) og språket sitt са̄мь кӣлл (saaḿ kiill).

==Grammatikk==

===Fonologi===

Etter Rimma Kurutsj si ordbok har det kildinsamiske skriftspråket desse vokalane:
Monoftongar i kildinsamisk   	fremre 	midtre 	bakre
lang 	kort 	lang 	kort 	lang 	kort
lukka 	ӣ 	и 	ы̄ 	ы 	ӯ 	у
midtre 	э̄ 	э 			о̄ 	о
open 			  	а̄ 	а̄

==Morfologi==

Kildinsamisk har ni kasus, jf. пуаз "reinsdyr":
Kasus 	Sg 	Pl
Nominativ 	пуаз 	пӯдзэ
Genitiv 	пӯдзэ 	пӯдзэ
Akkusativ 	пӯдзэ 	пӯдзэтѣ
Lokativ 	пӯдзэсьт 	пӯдзэнѣ
Illativ 	пӯдзъе 	пӯдзэтъ
Abessiv 	пӯдзаһта 	пӯдзэха
Komitativ 	пӯдзэнѣ 	пӯдзэгуэйм
Essiv 	пӯдзэнѣ
Partitiv 	пӯдзэдтӭ

==Historie==

==Skriftspråket si utvikling==

Kildinsamisk fekk skriftspråk med det latinske alfabetet på 30-talet, men til liks med dei andre av Finlands små nabospråk vart det ikkje tatt i bruk att etter 2. verdskrigen. Først på 1970-talet vart det starta opp arbeid med å lage eit kildinsamisk skriftspråk. Den samiska læraren Aleksandra A. Antonova skreiv 1982 ei abc-bok Sām´ bukvar´ (Са̄мь букварь) der ho representerte det samiske språket med hjelp av dei russiske bokstavane. Vokallengd (t.d. ӯ for /u:/) og ustemde sonorantar ӆ /l̥/, ӎ /m̥/, ӊ /n̥/ og ҏ /r̥/ (med unntak av /j̊/) er representert med hjelp av diakritika. Såkalla halvpalatalisering av /t/ ok /n/ vart markert med den kyrkjeslaviske bokstaven Ҍ ҍ (t.d. тҍ) eller med hjelp av diakritiske teikn (t.ex. ӭ) , avhengig av konsonantens posisjon i utlyd eller før vokal. Antonovas ortografi, som også vart brukt av Georgij M. Kert til den kildinsamisk-russisk-kildinsamiske skoleordboka han gav ut i 1986, vart utvikla vidare av Rimma D. Kurutsj. Kurutsj arbeidde i lag med samiske medarbeidarar i Murmansk (m.a. Nina E. Afanasjeva) med utviklinga av kildinsamisk. I tillegg til lærebøker og didaktisk kursmateriale til undervisning av samiske lærarar laga arbeidsgruppa også den store kildinsamisk-russiske ordboka som kom ut i 1985 og ogsa omfattar ein kort normativ oversiktsgrammatikk av kildinsamiska.

Antonovas ortografi vart utvida med Һ һ som teikn for preaspirasjon og med Ј ј for den ustemde sonoranten /j̊/. Desse to bokstaver vart likevel seinare bytta ut med ' (apostrof) og Ҋ ҋ. Den siste versjonen av ortografien vart også fastsett i ei bok frå 1995 om ortografiske prinsipp og reglar. Desse reglane har likevel aldri vorte akseptert av alle samane i Russland, og den dag i dag brukast Antonovas ortografi og dei to nyare variantane samtidig.

Etter at Sovjetunionen fall saman har det vore ein diskusjon om kildinsamisk skulle gå over til det latinske alfabetet. Det har ikkje blitt gjort noko alvorleg forsøk på å tilpassa alfabetet til språket, og tilhengarane av det kyrillisk-baserte skriftspråket gjekk sigrande ut av debatten.

Det kyrilliske skriftspråket som har vore i bruk sidan 1970-talet inneheld desse bokstavane:

[…]

Vokalane har lengdemarkering: […]

===Situasjonen i dag===

I følgje sovjetisk statistikk snakka 650 av 1660 samar i Murmansk oblast samisk i 1989, av desse ca. 50 andre samiske språk og 600 kildinsamisk. Det inneber at det i dei fleste tilfella berre er den eldste generasjonen som framleis snakkar kildinsamisk. Frå og med nittitalet har det vore livleg kontakt mellom samar i Russland og Norden, framforalt i Karasjok. Frå og med våren 2005 og ei tid framover var det samiske radiosendingar i Lovozero, og den samiske avisa Ávvir har jamnlege reportasjar frå Lovozero.

Ved folketeljinga i Russland i 2010 var talet på samisktalande i heile Russland totalt gått ned til 353 personar.[1]

==Forskingshistorie==

Dei første opplysningane om samisk, frå 1500-talet, er frå ein av dei samiske språka på Kola-halvøya. Seinare hamna kildinsamisk i skuggen av dei andre samiske språka. Det første seriøse språkarbeidet kom då dei finske fennougristane ville utforske samisk språkhistorie sist på 1800-talet, til det trong dei påliteleg informasjon om alle dei samiske språka. Arvid Genetz si ordbok var den første som kom ut, deretter kom T.I. Itkonen sitt monumentale ordboksverk. Det vart også samla inn tekstar, særleg før oktoberrevolusjonen, då dei finske forskarane kunne dra til Kola og samle materiale.

Då sovjettida kom underkasta dei sovjetiske lingvistane samisk den same handsaminga som andre språk, dei la grunnlaget for skriftspråket via empirisk grunnforsking. Etter andre verdskrigen vart undervisninga i kildinsamisk stoppa. Likevel heldt ein forskar, G.M. Kert fram med å arbeide med kildinsamisk. Han har framforalt skrive ein monografi over kildinsamisk, og også tekstprøvar og stadnamnmateriale.

==Kjelder==

===Fotnotar===

==Bakgrunnsstoff==


